[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2019-04-06) klar
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2019-04-06) klar |
Date: |
Sat, 6 Apr 2019 11:37:18 +0200 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:60.0) Gecko/20100101 Thunderbird/60.6.1 |
Eg har no lagt ut versjon 2019-04-06 av programmet ordbanken. Dokker får
han slik:
Alternativ 1: Last ned frå
https://download.savannah.nongnu.org/releases/ordbanken/ordbanken-2019-04-06.tar.xz.
Alternativ 2: Oppdater frå SVN (for dei som brukar det).
Alternativ 3: For openSUSE-brukarar har eg laga denne
pakken/pakkebrønnen: https://software.opensuse.org/package/ordbanken
(Alternativ 4: For Gentoo-brukarar har Hans Fredrik Nordhaug òg laga ein
pakke: https://github.com/hansfn/gentoo-overlay. Men denne er p.t. ikkje
oppdatert til den rykande ferske 2019-04-06-versjonen.)
Her er det viktigaste nye i denne versjonen:
– Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (som anten er
frå 2019-02-20 eller 2019-01-23, avhengig om du stolar på
nettsida eller på filnamna).
Det var ein del tekniske endringar der, blant anna med
teiknkoding og sortering. Den viktigaste endringa for
.txt-filene slik dei er lagra her i «ordbanken» er
at førstekolonnen (som berre inneheldt linjenummer) er
fjerna, og at filene er ferdigsorterte. Dette gjev
forhåpentlegvis mindre og lesbare diff-ar i framtida.
På grunn av endringane er programmet ikkje lenger
kompatibelt med «kjeldefiler» frå eldre versjonar av
Norsk ordbank. Men gamle versjonar av dei «kompilerte»
ordlistefilene (.dat-filene) skal fungera fint.
– Lagt til lenkje til feilrapporteringssystemet
(https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken),
både ved vising av hjelpe- og versjonstekst (#54584).
– Autofullføring på meir enn eitt kriterium gjev
ikkje lenger feilmelding (men gjev heller ingen
fleire forslag) (#54583).
– Autofullføring av filtreringskriterium (ordklassar)
foreslår no berre kriterium der dei første bokstavane
er like allereie inntasta kriterium (#54583).
For eksempel vil «ordbanken teste pre[tab]» berre
foreslå «pres», «pret» og «pres-part», ikkje
«verb», «imp» og «perf-part».
– Autofullføring for bokmål fungerer no igjen. Feilen
oppstod i versjon 2018-07-05, der språkkoden i filnamna
for bokmålsordlistene vart endra (#54583).
– Retta feil som gjorde at delar av argumentforklaringa hamna
i feil kolonne i hjelpeteksten («ordbanken --hjelp»).
– Oppslag på ordet «la» og nokre andre problemord fungerer
no igjen. (Problemet kom av feil sortering av ord med
apostrof i, noko som gjorde at ord som stod rett etter
apostroforda i ordlistefila ikkje fungerte.)
– Vidarefiltrering av ord tek no berre omsyn til sjølve
ordkodane (ordklassane), ikkje òg grunnordet. Eit søk på
«flisleggje fl» vil no berre finna fleirtalsforma av ordet
«flisleggje», mens det før fann alle formene (sidan sjølve
oppslagsordet òg startar med filtreringskriteriet, «fl»).
– Fleire testar («make test»), for å hindra at det uforvarande
dukkar opp nye feil i programmet.
– Mindre forbetringar av AppData-fila.
Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne,
anten her på e-postlista eller direkte til meg på address@hidden
Direkte feil melder dokker best inn via feilsporingssystemet
https://savannah.nongnu.org/bugs/?group=ordbanken.
--
Karl Ove Hufthammer
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- [ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2019-04-06) klar,
Karl Ove Hufthammer <=