[Date Prev][Date Next][Thread Prev][Thread Next][Date Index][Thread Index]
[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2016-03-20) klar
From: |
Karl Ove Hufthammer |
Subject: |
[ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2016-03-20) klar |
Date: |
Sun, 20 Mar 2016 13:40:10 +0100 |
User-agent: |
Mozilla/5.0 (X11; Linux x86_64; rv:38.0) Gecko/20100101 Thunderbird/38.6.0 |
Eg har no lagt ut versjon 2016-03-20 av ordbanken. Her er det viktigaste
nye i denne versjonen:
– Oppdatert fullformsordlistene til 2014-11-04-utgåva frå
Norsk ordbank. (Det er den nyaste tilgjengelege versjonen
per 2016-03-20.)
– Fullstendig omskriving av det grafiske brukargrensesnittet,
frå Python til QML, slik at det fungerer i nyare versjonar
av KDE, dvs. i Plasma 5. Og no treng ein ikkje lenger
trykka «Enter» for å slå opp eit ord; programmet slår opp
ordet straks søkefeltet er oppdatert.
– Retta problem ved bruk av «look»-kommandoen frå BSD look
(brukt i blant anna Debian og Ubuntu-baserte distroar).
No skal bruk av «look» for raske oppslag fungera på alle
system (som har «look»).
Sjå https://savannah.nongnu.org/bugs/?46362 for meir
informasjon om problemet og løysinga.
– Lagt til AppData-fil med skjermbilde av programmet,
samt tekstskildringar på både nynorsk, bokmål og engelsk.
Sjå https://people.freedesktop.org/~hughsient/appdata/
for meir informasjon om AppData-standarden.
– Retta lenkjer til Nynorskordboka og Bokmålsordboka
i HTML-resultatvisinga. Etter at nettordbøkene bytte
teiknkoding til UTF-8, fungerte ikkje oppslagsord som
inneheldt teikn utanfor ASCII. No fungerer dei igjen.
Generering av URL-kodingsfila som vert brukt går òg
no mykje raskare.
– Gjort metadatafiler omsetbare via vanlege .po-filer.
Merk at brukargrensesnittet til programmet enno ikkje
er omsetbart; det finst berre på nynorsk.
– Tekniske oppdateringar/forbetringar i .desktop-fila.
De kan sjå eit bilde av det nye brukargrensesnittet på
http://huftis.org/artiklar/ordbanken-versjon-2016-03-20-klar/.
De kan lasta ned den nye versjonen frå
http://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ eller som ein
openSUSE-pakke (som truleg òg fungerer fint på andre distroar som brukar
RPM) frå http://software.opensuse.org/package/ordbanken
Og som ein påskebonus, her er ei oppskrift på korleis de finn alle
oppslagsorda som inneheld «påske»:
ordbanken -r [Pp]åske | awk '{print $1}' | sort -u
Her er dei 20 påskeorda som finst i nynorskordlista:
draumepåske
draumpåske
påske
påskeaftan
påskedag
påskeeftan
påskeegg
påskefest
påskefjell
påskehelg
påskehøgtid
påskekjukling
påskekylling
påskelam
påskelilje
påskemorgon
påskemåndag
Påske-Oslo
påskeveke
Påskeøya
Merk at ordtilfanget er litt anna i bokmålsordlista. Der finn me (ved å
legga til argumentet «-snb» eller «--sprak=nb») heile 48 påskeord:
drømmepåske
hjemmepåske
påske
påskeaften
påskeaktuell
påskeberedskap
påskebrun
påskebudskap
påskedag
påskeegg
påskefeiring
påskeferie
påskefjell
påskefri
påskefrokost
påskeføre
påskegjest
påskehare
påskehelg
påskehøgtid
påskehøytid
påskekamp
påskekrim
påskelam
påskelektyre
påskelilje
påskelys
påskelørdag
påskemeny
påskemorgen
påskemåltid
påskenatt
påskenøtt
Påske-Oslo
påskesol
påskestemning
påskestille
påsketid
påsketips
påsketrafikk
påsketur
påsketurist
påskeuke
påskeutfart
påskevær
Påskeøya
påskeåpen
skipåske
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: address@hidden
[Prev in Thread] |
Current Thread |
[Next in Thread] |
- [ordbanken] Ny versjon av ordbanken (2016-03-20) klar,
Karl Ove Hufthammer <=